Kvam soge - og kulturminnelag

Siste nytt:

  • Kultur tur til Syse Gard laurdag 15. september. Avreise Norheimsund ( Sparen) kl 0830, Øystese (Tunet) kl 09. Det kostar kr 300 for medlemmer og kr 400 for ikkje-medlemmer, i tillegg kjem 50 kr til sjåføren om du vil sitja på med nokon. Påmelding til Anne-Liv Soldal tlf 909 41 272.
  • Måndag 1. oktober er det Bokslepp i Peisestova på Framnes kl 1800. Det vert musikk med Sverre Ugletveit m.fl. og kåseri av Arne O Øystese. Gamalt frå Kvam 2018 vert presentert. 
  • Gamalt frå Kvam 2018 vert også selt på Siderfestivalen 6.10 saman med andre bøker frå Hardangerforlaget.  Bøkene vert selt til messeprisar!
  • Vil du sjå Bygdejol på You Tube? Bjørn Otto Wallevik har laga ein liten film med opplesning av eit juledikt frå 1945. 
  • Randi Jåstad er redaktør for Gamalt frå Kvam. Ta gjerne kontakt med henne om du har forslag til stoff du gjerne vil skriva eller lesa om 2019 utgåva! Redaksjonen i arbeid med 2018 utgåva.

 

 

Gamalt frå Kvam 2017

ser slik ut i år 

 

Gamalt frå Kvam har i år, som vanleg, eit breitt utval av artiklar.  Tema for artiklane  dreier seg om alt frå Reidslevegen frå Øvre Aksnes til Holten til Kvartsbrotet i Klyve.  Det er også ein artikkel om ein av dei kvinnlege bedriftsleiarane vi fekk i Kvam på 60-70-talet: Eli Marie Pedersen. Frå Ålvik har vi eit utdrag frå Bjølvo om Nybadestrondo, og frå Strandebarm  fortel Harald Heradstveit om kisteproduksjonen.

Atiklane er illustrert med bilete, spesielt har Dagfinn Berge skrive om 12 fine planter i Kvam med vakre bilete.

Trekkspelkubben jubilerer, det gjer også Fyksesundbrua, begge har fått si historie fortalt. 

Tilsaman er det 19 ariklar fordelt på 139 sider. 

Uglo har som vanleg teke seg ein tur over Kvam, og får tradisjonen tru avslutta årboka. 

 

  Kvam soge- og kulturminnelag
  • er ein open medlemsorganisasjon
  • tar vare på verneverdige kulturminne i Kvam, skapa ålmenn
    forståing for desse og fremja interesse og kunnskap om lokalhistorie
  • er medlem i Hordaland Sogelag og Landslaget for lokalhistorie
  • er lokalisert i Kvam herad som ligg i ytre Hardanger
  • har om lag 520 medlemer

Vil du verta medlem av Kvam soge- og kulturminnelag?

Ta kontakt på: post (krøllalfa) kvam-sogelag.no -

eller ta kontakt med styreleiar på E-post:  Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

Årsmelding for år 2016 kan du lesa under menypunktet  Årsmelding.

 Gamalt frå Kvam 

Kvam soge- og kulturminnelag overtok i 1997 aktiviteten til utgjevarnemnda til Bygdejol, med det tilhøyrande Hardangerforlaget. Denne nemnda har gjeve ut det lokalhistoriske tidsskriftet Bygdejol kvart år frå 1945. Frå 2006 har Bygdejol fått ny tittel: Gamalt frå Kvam. Medlemer i Kvam soge- og kulturminnelag får kvart år tilsendt to Sogeskriv og årboka Gamalt frå Kvam.

Er du på jakt etter ein spesiell artikkel, kan du lasta opp vedlegget nederst på sida. Her finn du ei fil med oversikt over alle artiklar med forfattar og årstal samt litt om innhaldet. 

Me arbeider med digitalisering av årbøkene. Her er ein test: Bygdejol 1971.

Hardangerforlaget

Kvam soge- og kulturminnelag står bak drifta av Hardangerforlaget.
Er du interessert i bøker, finn du omtale av dei vi har under menypunktet Bøker.
Du kan tinga desse bøkene ved å sende 
e-post til til leiaren.


Slektsbok for Strandebarm og Tørvikbygd
Slektsbøkene for Strandebarm og Tørvikbygd er utgitt i 2008 og 2009. Det er i alt tre bøker.
Bøkene er tilgjengeleg i bokhandel eller frå leiaren: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa